Av Ragnar Semundseth, energiråd ved Noreg sin delegasjon til EU
Det gjekk mot mørkare tider i Europa. Det brukte det å gjere på denne tida av året, og var slik sett inga overrasking. Men denne gongen kunne det gå mot verkeleg mørke tider. Ikkje berre fordi sola forsvann, men fordi det kunstige lyset menneska hadde funne opp òg kunne forsvinne. Det var i alle fall det dei mest pessimistiske påsto. Men dette skal vi komme attende til seinare i soga.
For Tina skipsbyggjar hadde dei siste månadene vore oppløftande. Langskip-prosjektet – som hadde gjeve ho tilnamnet (i) – gjekk framover. Og pesten såg endeleg ut til å sleppe taket. Dette var framifrå nyhende. Tina tykte mykje om å treffe folk andlet til andlet, men det hadde vore vanskeleg så lenge pesten herja. Ho hadde òg ynskt å reise ut av kongeriket, men det hadde vore beint fram umogleg. Som skalden hennar, Tony frå Tiller, så treffande kvad:
«Måtte alle armar sprøyte få
slik at vi atter
kan sette segl for Brussel
så snart som råd».
Tre månader etter sumarsolkverv var det endeleg mogleg å heise segl, og kursen vart sett sørover. Fyrst gjekk turen til vinland. Riktig nok ikkje Leiv Eirikssons vinland; snarare den europeiske varianten (ii). Men dette var så vellukka at Tina og Tony straks sette kursen mot Tintin-land, som det vart kalla på folkemunne (iii). Her vart dei tre dagar til ende, og dei brukte tida godt.
Den fyrste dagen trefte dei den norske sendemannen, som gav dei gode råd før møta med dei lokale. Dernest møtte dei Tinne frå Straeten (iv). Ho hadde ansvaret for energien i landet, og hadde mykje å stri med. Det skulle no bli slutt på å lage straum av atomar, og ho hadde ikkje heilt funne ut av kva som skulle gjerast i staden (v). Hjelp og gode råd frå nordmenn kunne koma godt med.
Dagen etter var det rådslag med Kadri frå Austerled (vi). Tina og Kadri hadde tala saman ein rekkje gonger før, men aldri møttest i røynda. No fekk dei endeleg møte kvarandre andlet til andlet, og stemninga var god. Dette vart det rapportert om i ei rekke bodstikker.
Den siste dagen møtte Tina nordbuarar som hadde vald å busette seg i dette merkelege landet (vii). Og til slutt besøkte ho Waterloo, staden der Napoleon til slutt vart nedkjempa. Det siste besøket gjorde Tina litt nedtrykt. Både fordi ho snart måtte gje seg på heimveg, men òg fordi ho sjølv hadde vorte nedkjempa nyleg. Tina hadde i snart to år leia kraftklanen i Noreg, men no gjekk det mot slutten. Nordmennene hadde vald nye sendebod til alltinget, og snart måtte Tina trø til sides.
Men aldri så galt at det ikkje var godt for noko. For Tina visste godt at det var mørke skyer i horisonten. Eller rettare sagt, det var ikkje mørke skyer i horisonten. Og akkurat det var problemet. Eit land som brukar fossefangarar for å lage straum treng nemleg regn, og helst mykje av det. Denne sumaren hadde vore den beste på lange tider. Folk hadde nytt solrike sumarkveldar utomhus, og ikkje ofra vinteren ein tanke. No gjekk det opp for dei at fjellvatna inneheld meir fjell enn vatn. Då ville fossane bli mindre, og det kom mindre straum frå fossefangarane.
Pessimistane frykta at ein ikkje hadde straum til lys og varme i den kalde og mørke årstida som låg føre dei. «Så ille er det ikkje. Men det er uansett ikkje lenger mitt problem», sa Tina til seg sjølv.
For no hadde dei raude overteke makta i kongeriket, og det var Marte frå Mjøs som skulle styre kraftklanen. Ho hadde ikkje før takka ja til jobben, før spørsmåla hagla frå arge innbyggarar. Og kva skulle ho eigentleg svare dei?
For straumen kan vere stri. Og det var ikkje berre regnet som lét vente på seg. I mange av grannelanda hadde dei satsa stort på vindfangarar, men ikkje eingong vinden kunne ein stole på i år. Mange europearar hadde difor byrja å fyre med kol, noko ein eigentleg hadde prøvd å slutte med.
Straum var dyrare enn nokon kunne minnast, og stemninga dårleg. I Brussel hadde Kadri den same stria som Marte (viii). Som politikar kan ein av og til føle seg kraftløys. På fleire vis.
Paradokset var at det gjekk dårleg fordi det gjekk godt. Etter at pesten hadde roa seg, hadde folk nok ein gong begynt å reise til fjern og nær. Og dei kjøpte nok ein gong saker og ting på marknaden. Då auka straumforbruket, og då auka prisane (ix). Kadri hadde lagt fram ein heil «verktøykasse» med tiltak (x), men var ikkje sikker på om dette ville greie seg. Kanskje var det til slutt vintertemperaturane som kom til å avgjere saka. Det beste ville vere mildver, regn og vind.
Om ikkje lenge ville det nærme seg advent og nedteljing til vintersolkverv. For fyrste gong gjekk folk rundt og lurte på om dei eigentleg ynskte seg ei kvit jol.