– annonse top –

Regjeringa har ei rekke viktige styrkingar på klima- og miljøområdet knyttet til statsbudsjettet for 2022..

Samla dreier det seg om nærare 5 milliardar kroner. Budsjettet legg til rette for reduserte klimagassutslepp, omstilling til lågutsleppssamfunnet og grøn vekst, skriv regjeringa i ei pressemelding.

– Det skal løne seg å kutte utslepp. Difor vil vi auke CO2-avgifta samstundes som det blir meir pengar til tiltak for å kutte utslepp. Vi skal også ta vare på meir natur, rydde opp i forureining og legge til rette for friluftsliv for alle, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

– annonse inline –

Tiltak for å redusere klimagassutslepp og tilpasse samfunnet til klimaendringane er ei av hovudprioriteringane for regjeringa. Klimatiltaka kjem på fleire av departementas budsjett.

Avgifter

Regjeringa følgjer opp klimaplanen og foreslår å auke CO2-avgifta med 28 prosent frå 591 kroner i 2021 til 766 kroner i 2022.

Regjeringa vil også innføre CO2-avgift på naturgass og LPG til veksthusnæringa og trappe denne gradvis opp mot «normalt» nivå. I tillegg foreslår regjeringa å innføre avgift på forbrenning av avfall. Regjeringa foreslår endringar som vil gi betre og meir berekraftige bilavgifter, og som samstundes bidreg til 2025-målet om at alt nybilsal skal være nullutsleppsbilar. Momsfritaket for nullutsleppsbilar blir vidareført. Samstundes blir CO2-komponenten i eingongsavgifta stramma inn, noko som inneber høgare eingongsavgift for fossilbilar.

Andre avgifter vil bli redusert for å hindre at enkelte grupper i samfunnet blir ramma uforholdsmessig hardt. Regjeringa foreslår å redusere elavgifta og trafikkforsikringsavgifta, og auke reisefrådraget for å kompensere dei som reiser mykje.

Nysnø Klimainvesteringar

Regjeringa foreslår auka kapital på 200 millionar kroner til Nysnø Klimainvesteringar, der 70 millionar kroner er risikokapital.

Klimatilpassing – flaum- og skredførebygging

Regjeringa foreslår å styrke NVE sitt arbeid med om lag 60 millionar kroner til flaum- og skredførebygging. Pengane skal gå til gjennomføring av fysiske sikringstiltak og kartlegging.

Langskip – fangst og lagring av CO2

Regjeringa foreslår ei løyving på nær 3,9 milliardar kroner til CO2-handtering i 2022. 3,45 av milliardane går til Noregs største klimaprosjekt nokon gong, Langskip.

Regjeringa foreslår også at OED får fullmakt til å pådra seg forpliktingar tilsvarande 3,06 milliardar kroner i samband med karbonfangst og -lagring hos Fortum Oslo Varme dersom dei får tilstrekkeleg eigenfinansiering frå EU eller andre kjelder.

Forskingssenter for berekraftig transport og Pilot-T

Regjeringa foreslår å løyve 25 millionar kroner til auka satsing på Pilot-T (utvikling og testing av nye mobilitetsløysingar) og nye forskingssenter for berekraftig transport.

Grøn omstilling og innovasjon

Regjeringa foreslår å styrke den grøne omstillingspakka Grøn plattform med over 250 millionar kroner i 2022, fordelt på Forskingsrådet, Innovasjon Noreg og Siva. Omstillingspakka er ein del av regjeringas covid-19-tiltak.

Hydrogen, hav og lågutslepp

Regjeringa foreslår å løyve 30 millionar kroner til å eta­blere eit nytt forskingssenter for miljøvennleg energi (FME) innan hydrogen og ammoniakk. Senteret skal etablerast tidleg i 2022.

Fossilfrie anleggsplassar i transportsektoren

Regjeringa foreslår å løyve 50 millionar kroner til pilotprosjekt for fossilfrie anleggsplassar i transportsektoren. Pengane blir retta inn mot pilotering av nullutsleppsmaskiner og -køyretøy.

Ny tilskotsordning til mindre byområde

Regjeringa foreslår ei tilskotsordning på 30 millionar kroner til mindre byområde som ikkje har byvekstavtale, som skal leggje til rette for klima- og miljøvennleg byutvikling og god framkomst. Tilskotsordninga gjeld pengar til mindre investeringar i gang- og sykkelvegar, samt kollektivtiltak. Ordninga omfattar fem byområde: Bodø, Ålesund, Haugesund, Arendal/Grimstad og Vestfoldbyen (Larvik, Sandefjord og Tønsberg).

Jernbane

Regjeringa vil bruke 300 millionar kroner meir til fornying av jernbanen enn anslaget for 2021. Vidare foreslår regjeringa 51,8 millionar kroner til innfasing av nye togsett og 76 millionar kroner til kjøp av brukte vogner for å halde togtilbodet ved lag i vente på nye fjerntogsett.

Til å vidareføre tilskot for overføring av gods frå veg til bane foreslår regjeringa å løyve 82 millionar kroner.

Klimabistand

Norsk bistand til klima blir styrkt med 1,9 milliardar kroner. Regjeringa etablerer eit nytt klimafond som skal investere i fornybar energi i utviklingsland med mål om å bidra til reduserte klimagassutslepp. Klimainvesteringsfondet vil bli tilført 1 milliard kroner årleg over statsbudsjettet over 5 år. Norfund, statens investeringsfond for næringsverksemd, set i tillegg av 1 milliard årleg av sin eigen kapital til fondet. Norfund får ansvaret for å forvalte fondet. I tillegg er det ei satsing på  klimatilpassing i 2022.

Hardanger fartøyvernsenter

Regjeringa foreslår ei løyving på 5 millionar kroner og tilsagn om ytterlegare 33 millionar kroner til eit nybygg og ombygging av eit formidlingssenter for maritim kultur, historie og handverk i Norheimsund i Hardanger.

Sikring og opprydding – atomanlegg

Regjeringa foreslår ei løyving på 133,7 millionar kroner til sikring og opprydding av atomanlegga på Kjeller og i Halden.

Norsk deltaking i InvestEU

Regejringa foreslår å løyve 192 millionar kroner til norsk deltaking i InvestEU. Deltaking i InvestEU vil gje norske verksemder ei moglegheit til å delta i felleseuropeiske investeringsprosjekt innan ny fornybar energi og grøne løysingar.

Klima- og miljødepartementets budsjett

Forslaget til budsjett for Klima- og miljødepartementet har ei utgiftsramme på 17,1 milliardar kroner i 2022, mot 16,8 milliardar kroner i 2021. Dette er ein netto auke på 0,3 milliardar kroner, eller 1,7 prosent frå saldert budsjett 2021.

Enova

Regjeringa har spissa Enova som klimaverkemiddel i den fireårige styringsavtalen for 2021-2024. I 2022 foreslår regjeringa at Enova blir tilført 3,4 milliardar kroner. Det er ei rekordstor løyving, og ei dobling frå 2013.

Grøn skipsfart

Satsinga på grøn skipsfart vidareførast og styrkast. Regjeringa vil halde fram med å støtte fylkeskommunane slik at det er mogleg å prioritere låg- og nullutsleppsløysingar på ferjer og hurtigbåtar. Hurtigbåtordninga i Miljødirektoratet blir foreslått vidareført, med ei ramme for nye tilsegner på 40 millionar kroner i 2022. Den nye satsinga MaritimeZero 2050 følgjer opp regjeringas arbeid for ei grøn flåtefornying med 40 millionar kroner, øyremerka til utvikling av nullutsleppsteknologi for større skip som opererer over lengre strekningar (sjå eiga pressemelding).

Klimasats

Regjeringa foreslår å doble ordninga støtteordninga Klimasats til kommunane med ei ramme for nye tilsegner på 200 millionar kroner i 2022. Klimasats er viktig i oppfølginga av klimaplanen fordi ordninga fører til at kommunane tek i bruk nye klimaløysingar, eller gjer ting på nye måtar som gir lågare utslepp.

Sirkulær økonomi

Regjeringa vil bruke 30 millionar kroner til ordningar for å forvalte ressursane betre i ein grøn, sirkulær økonomi (sjå eiga pressemelding). Pengane skal mellom anna brukast til tiltak for å hindre matsvinn, skape digitale marknadsplassar og legge til rette for ombruk.

Kunnskap om natur

Arbeidet med å setje mål for tilstanden i økosystema og innrette forvaltninga mot å nå måla, er høgt prioritert, og arbeid med å vurdere tilstand i ulike økosystem vil halde fram i 2022. Pengar til arbeidet med å betre kunnskapen om naturmangfaldet gjennom kartlegging og overvaking blir vidareførte på om lag same nivået som i 2021.

Naturvern

Regjeringa foreslår å løyve 435,7 millionar kroner til skogvern. Det er om lag same nivå som i fjor. Regjeringa har på åtte år løyvd nær 3,3 milliardar kroner til skogvern, meir enn dobbelt så mykje som under førre regjering (sjå eiga pressemelding om natur).

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til å restaurere natur med 4 millionar kroner og bruke 1 million kronar til å følgje opp ny tiltaksplan for pollinerande insekt.

Regjeringa vil styrke tilskotsordninga der kommunar kan søkje om pengar til å lage kommunedelplanar for natur med 2 millionar kroner.

Regjeringa foreslår å løyve 15,3 millionar kroner til tiltak mot pukkellaks i 2022. I tillegg blir det foreslått å auke budsjettet med 9 millionar kroner til å fjerne lakseparasitten Gyrodactylus salaris frå Driva-vassdraget.

Regjeringa foreslår også å sette av inntil 4 millionar kroner til Tanavassdragets fiskeforvaltning, som kan utbetalast dersom det ikkje blir opna for fiske etter laks i Tanavassdraget i 2022.

Oslofjorden

Regjeringa foreslår å bruke 10 millioner kroner til å forbetre miljøet i Oslofjorden, med tiltak for betre vasskvalitet og naturmangfald, betre tilgang til strandsona og eit nytt informasjonssenter (sjå eiga pressemelding).

Friluftsliv

Samla løyving til friluftsliv over Klima- og miljødepartementets budsjett er i 2022 foreslått til 243,8 millionar kroner. Dette er 4,6 millionar kroner meir enn i 2021. Ordninga Nasjonale turiststiar vil bli vidareutvikla med sikte på å betre tryggleiken og medverke til at opplevings- og naturverdiar blir tekne vare på. Tilskot til utvikling av grøntområde i områdesatsingane i Oslo blir vidareført.

Forureining

Regjeringa foreslår å løyve 23 millionar kroner i 2022 og 84,3 millionar kroner i fullmakt til bruk i 2023, til opprydding av forureina sjøbotn i Store Lungegårdsvann i Bergen (sjå eiga pressemelding).

Regjeringa vil fortsetje arbeidet med plastforureining, mellom anna gjennom å føre vidare Noregs internasjonale leiarrolle i dette arbeidet. Regjeringa foreslår òg å føre vidare tilskotsordninga til tiltak mot marin forsøpling.

CO2-kompensasjon

Regjeringa foreslår å vidareføre den norske CO2-kompensasjonsordninga for industrien for perioden 2021–2030. Forslag til løyving i 2022 for utbetalingar for støtteåret 2021 er 2,8 milliardar kroner.

Kulturmiljø

Regjeringa følgjer opp stortingsmeldinga om kulturmiljøpolitikken. Dei viktigaste oppfølgingspunkta i 2022 vil vere arbeidet med ny kulturmiljølov og nye bevaringsstrategiar. Regjeringa foreslår å bruke 2,7 millionar kroner til å løfte fram det frivillige kulturmiljøarbeidet i Frivilligheitas år 2022.

Regjeringa foreslår også å løyve 3 millionar kroner til rassikring av gruvegangar på Øvre Storwartz på Røros.

– annonse bottom –
Forrige artikkelFrykter nedskyting betyr utrydding
Neste artikkelNy regjering vil skyte flere rovdyr